Den modige trua

(Homilie for 8. søndag i det alminnelige kyrkjeåret, år A. Dagens lesningar)

Me står no like framfor inngangen til fastetida. Om berre tre dagar skal me teiknast med askekrossen. Presten minner oss samstundes om at me er Guds forgjengelege skapning og eigendom, og formanar til omvending og tru. Med dei orda legg me ut på den førti dagar lange ørkenvandringa saman med Jesus. Det er ei tid for forsaking, bøn og faste.

Dagens Evangelium kan me sjå som eit forberedande innsteg, der me så å seie tunar oss inn på tida som kjem. Kristus formanar til tillit til Gud, og til å legge livet i Herrens hender. Det er inga lett øving. Mennesket slit ofte med tilliten, og held hardt på sitt eige. Sjølv når eins eige strengt tatt ikkje er så mykje å halde på. Det vert litt slik som når Piet Hein skildrar si hanglande helse i vinterkulda:

piet heinJeg er så forkølet, forpint og besværet,
og det er så synd og så trist,
og jeg er så syg, som ingen har været –
siden jeg var det sidst.
Piet Hein

Mennesket freistast gjerne til å gå og degge for sitt eige elende, og er ein fyrst kome i ein slik tilstand er ein lite open for oppmuntrande ord. Ein skal ikkje prøve seg med fraser som til dømes: «Det kommer ikke an på hvordan du har det, men hvordan du tar det.»

Kristus går den sjølvsentrerte livshaldninga i møte, og utfordrar oss på vår sut og otte. Me tyngar oss med bører me heller skulle legge over på Gud. Trua kan ikkje levast som bevisførsel i etterkant, men med håp i forkant. Jesus formanar oss til å lite på Han som har skapt oss, og som alltid har augo sine kvilande på oss med kjærleik og omsorg. Vår Far i himmelen veit om alt me trenger til.

Korleis skal me så leve? « Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg» seier Jesus (Matteus 6, 33). Tolkningsnykelen for denne utsegna er Kristus sjølv.

Jesu liv er eit einaste langt vitnesbyrd om ei djup, konkret overgjeving til Gud. «Skjøna de ikkje at eg måtte vere i min Fars hus?» seier Jesus som tolvåring. Seinare, når han samlar den fyrste apostelskaren og byrjar si forkynning, er bøna aldri langt unna. Han ber takkebøna i fellesskapet, han ber til Gud for alle sine. Han ber under dei lange dagane med forkynning og lækjedom for sjuke og uføre. Han bed når han utrettar mirakel og opnar hjarta for trua si nåde. Og når alle fell i svevn om kvelden, då vaknar Jesus i otta og går på aude stader for å be (Markus 1, 35).

Men kva når livet ikkje går vår veg? Kva når livet rasar saman? Når resultata frå sjukehuset blir å rekne som ei dødsdom? Kva når nokon som står oss nær vert riven bort? Kva når depresjon gjer at livsmotet kverv og angsten grip tak i oss med si isnande klo?

Sjølv i det djupaste mørker, i den skjebnesvangre stunda i Getsemane, sjølv der bed Kristus til sin Far i himmelen. I barnlig overgjeving, med forpint sinn, men med augo vendt mot Faderen, ber Jesus om at Guds vilje må skje. Her ligg den djupaste freden som mennesket kan nå. Kristus reiser seg frå Getsemane hage, ikkje fridd frå børa som ventar han, men med eit hjarte heilt overgjeven til Faderen som vil det beste for både Han og alle menneske. I det ytre går Kristus krossvegen i møte. I det indre eig han Guds fulle fred.

Dette er den modne trua. Den modige trua. Den som vågar å overgje det mest sårbare i sjela, dei smertefulle punkta me helst vil gøyme for alle.

Ver ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Men la oss overgje dagen i dag i Herrens hender. Lat oss overgje våre hjarta til Guds omsorg. Gud som ikkje fortapar seg i fortid eller drøymer seg bort i framtid, vår Gud som er fullt og heilt til stades i dette no som me alltid står i, Han tek i mot oss og våre bøner, her og no.

Haavar Simon Nilsen, St. Dominikus kloster, Oslo

Haavar Simon Nilsen, St. Dominikus kloster, Oslo

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *