Vår djupaste lojalitet

29. alminnelige søndag (A)

render_to_caesarKjære brør og systre!

Evangeliet i dag handlar om lojalitet: Er det tilatt å betale skatt til Cæsar, eller ikke? Jesu motstandarar prøvde igjen å fange han i ei felle: Svara han at, ja, de er rett å betale skatt til keisaren – så var han ein svikar av folket sitt, av Guds folk og av folkets Gud. Svara han nei, det er feil å betale skatt til keisaren – så var han ein fiende av imperiet, av Cæsar, av okkupasjonsmakta.  I begge tilfelle ville dei ha noko på han, som grunn for å få han fjerna.

Men han fangar dei i deira eiga felle; dei blir svar skuldige; han vender utfordringa tilbake, dei må sjølve ta stilling: Gi Cæsar hva Cæsars er, og Gud hva Guds er.

Dermed lærer han oss noko viktig om vårt liv som truande i denne verda.

Cæsar, keisaren, eller kva namn og form styremaktene må ha, har ein viss rett i denne verda. Gud brukar samfunnsordningane som ein reidskap for å halde fred og orden slik at det menneskelege livet kan utfalde seg; sosialt, kulturelt og på alle vis. Det skal finnast ei rettsordning i samfunnet, det skal finnast fungerande lover. Vi må rekne med å vise respekt, betale skatt, oppføre oss omsynsfullt og ryddig. Slik var dei fyrste kristne sit etos, sjøl om dei ikkje levde i eit kristent samfunn. Det kom seinare. I oldkyrkja heitte det:

Gjer rett og skil mot alle: Svar skatt til den som skatt skal ha, og toll til den som toll skal ha. Ha age for den som har krav på age, gjev ære til den de skuldar ære…. elska broskapen, ottast Gud, æra keisaren (Rom 13, 7// 1Pet 2,17).

Dei kristne skulle ikkje vere asosiale eller sekteriske.

Samtidig visste dei at keisarar, kongar, ja, ministrar og parlament og alle slags samfunnsordningingar ikkje er det same som Guds rike. Guds rike skal vere som ei surdeig i samfunnet, dei truande skal vere salt og ljos i verda – men Guds rike vil aldri kunne vere samanfallande med eit jordisk rike. Kyrkja har kunna hatt posisjon og prega samfunnet med sine verdiar – eller ho har måtta gå under jorda, i katkombane, eller i alle fall vore ein minoritet, ein motkultur. Faktum er at vi no er i ferd med å vende tilbake til ein slik situasjon i vår del av verda, etter mange hundre år med kristen dominans.

Guds fullstendige og fullkomnne rike er eit rike som skal kome, ved Kristi synlege gjenkomst, i parusien, i ’tilsynekomsten’. Difor bed vi stadig: Adveniat regnum tuum/’Komme ditt rike’! Riket er her no, sjøl om det kan synast skjult, lite, ikkje-dominerande. Ein dag skal det kome i sin glans! Difor skal kyrkja heller ikkje forvente eller krevje at Cæsar – eller styremaktene – alltid skal vere kristne. Det vi skal kunne forvente, er at dei skal ivareta rett og rettferd, at vi skal kunne leve i eit rettssamfunn.

Brør og systre! Cæsar og styremaktene skal vi respektere og vi skal be for dei, så langt dei fremjar rimeleg rettsorden. Vi skal gi Cæsar hva Cæsars er. Men: Vår djupaste lojalitet er Gud. Han som er kongen over kongane og Herren over herrane. Difor hyller vi han i kvar messe: Kyrie, eleison! Herre, miskunn deg! Det er Du som er vår eigentlege Herre. Liturgien var i den tidlege kyrkja ikkje berre fromme og inderlege formuleringar, men hadde eit samfunnsmessig og kritisk potensiale i seg. Difor syng vi også:

Gloria in excelsis/ Ære være Gud i det høyeste – han er den høgste – og: Du som sitter ved Faderens høyre hånd, miskunn deg over oss. For du alene er hellig, du alene er Herren, du alene er Den Høyeste,-så å seie den høgste Cæsar –  Jesus Kristus, med Den Hellige Ånd i Gud Faderens herlighet.Amen.

Denne hyllinga song også martyrkyrkja når ho feira evkaristien i katakombane – og difor kunne dei truande, dei ”kristtrugne”, ikkje hylle Cæsar som den høgste, som gud. Dei kunne gje Cæsar ”hva Cæsars er”, men dei kunne ikkje gje han ”hva Guds er”. Gud ville bruke til og med persarkongen Kyros i sin plan, men han skulle hugse, som vi høyrde: Jeg er Herren, ingen annen!

Korleis er det med oss? Vi skal vise alle skyldig respekt. Men er Kristus den som er den djupaste forpliktinga i livet vårt? Eller lever vi eit splitta liv, eitt liv på jobben og i det offentlege og eit anna når vi er i messa? At vi skal gi Cæsars ”hva Cæsars er” og ”Gud hva Guds er”, betyr ikkje at vi skal leve eit smart dobbeltliv, eitt liv i business og eit anna i bøn. Det kan vere freistande i eit samfunn der vi som kristne er nøydde til å leve i eit sekularisert samfunn som ofte fylgjer sine eigne lover. Når det blir lojalietskonflikt må vi, som Skrifta seier,lyde Gud meir enn menneske (Apgj.).

Må Gud gje oss dømekraft her. Slik at vi blir mennske med integritet, også i vanskelege situasjonar. Er det noko som verkeleg trengs i samfunnet i dag, er det menneske med integritet. Som ikkje gir alle ”cæsarane” meir enn dei skal ha, anten det er samfunnsmakter, pengemakter eller meiningsmakter.  Lykkesmedar, profittørar, karrieristar og opportunistar er det nok av.

Difor:

Alltid freidig når du går/veie Gud tør kjenne//selv om du til målet når/først ved verdens ende!”

Denne preika publiserte broder Arnfinn på bloggen sin –http://arnfinnharam.wordpress.com/ – den 16. oktober 2011.

Arnfinn Haram OP (1948-2012), St. Dominikus kloster, Oslo

Arnfinn Haram OP (1948-2012),
St. Dominikus kloster, Oslo

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *