Avhengig fridom

Lesning 1. søndag i fasten (år B)

Jesu fristelse (bilde frå Salt + life blog)Kva skal det vere godt for, at Anden driv Jesus ut i ørkenen? Treng Jesus å gjere bot for sitt eige liv? Har han noko uteståande med Faderen? Han er jo den skuldfrie, den reine, den lytelause? Likevel held han til i ørkenen i førti dagar, der han utstår freistingar og den vondes angrep.

Jesus er den uskuldsreine. Han vert ikkje driven ut i ørkenen for å stå til rette for noko, men for å stå på vår side. Vår Gud meiner nemleg alvor med å gjere seg til eitt med sin skapnad. Han står ikkje på ein armlengdes avstand, som om han berre skulle late som om han tek del i våre kår. Nei, han står last og brast med dei mange prøvelsane som mennesket til ei kvar tid står i, og som kan ramme oss alle. Ja, ikkje berre delar han same kår som oss. Ved Den Heilage Ande viser oss veg ut i øydemarka. «Kom med meg» seier han, «så skal eg vise deg det du endå ikkje har sett eller tenkt over».

Kvifor skal mennesket legge vegen ut i øydemarka saman med Jesus? Jau, for der ute i det tomme, ufruktbare landskapet lærer me i kva grad me er avhengige av Gud.

Å gå ut i ørkenen er eit motangrep på djevelens makter som set alt inn på å fordreie menneskets sinn, slik at det trur seg uavhengig frå alt. Denne demoniske strategien kan me ane allreie i byrjinga av menneskets tilvere, heilt frå det fyrste møtet mellom menneska og djevelen, han som kretsar rundt den forbodne frukta, der freistinga er. Eva sa dei ikkje måtte ete av frukta av treet midt i hagen for då måtte dei døy. Men slangen svara: «De skal slett ikkje døy! Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal auga dykkar opnast; de skal bli som Gud og kjenna godt og vondt.»

Djevelen har alltid som mål å gjere menneske til mål i seg sjølv, og då alltid skilt frå alle andre. Han manipulerar vårt sinn, og vil gjere oss eigenrådige.

Han forfører kjærleiken og gjer oss meir opptatt av våre sjølvsentrerte behov og begjær, og slik prøvar å hindre oss i å opne augo for Guds nærvær, det nærveret som held alt oppe, og som er grunnen for heile vår eksistens.

Når Jesus vert freista i øydemarka kjem den vonde sin strategi endå tydlegare fram. Ta makta sjølv, freistar djevelen. Men Jesus peikar heile tida mot Faderen, Han som me er kalla til å sette vår lit til og kvile i. Slik viser Jesus oss kva grep me kan ta mot vonde makter. Me er kalla til å legge ned vårt hovmod, og sjå korleis alt avheng av han som held heile skapnaden i si hand.

Dette leiar oss fram mot påskemysteriet som me nå skal sikte mot i denne fastetida. For ved Kristi død, oppstode og himmelferd ser me for alvor i kva grad mennesket treng Gud. Ingen kan gje seg sjølv evig liv. Ingen kan ta til seg frelsa av eige makt. Det er ei gåve gjeven av Gud.

Dette leier oss mot dåpsmotivet som regnbogen er eit teikn på, og som Paulus kallar eit frelsande vatn. Ein kvar dåp er eit drama som peikar mot påskemysteriet, der me er vitne til ei foreining mellom Kristus og menneske, ei foreining som går gjennom dauden i vatnet, og som reiser mennesket opp til evig samfunn med den trefoldige Gud. Slik spedbarnet ligg overgitt på foreldra sin arm, slik er me alle haldne oppe av Gud, og verna slik Kristus vart sett til av englane.

Når me går inn i fastetida  kallar kyrkja oss til å verte meir bevisst den store gåva Gud skjenkjer sitt folk, nemleg evig samfunn med Gud, og Den heilage Andes gåve i våre hjarte. I denne tida er me kalla til å utfordre oss sjølv, slik at me på nytt kan minne oss på at det er ikkje me som held vår eigen eksistens oppe. Me er her, fordi Gud  har satt oss her. Me lever og er til, fordi Gud har gitt oss alt me er og har. I denne innsikta ligg mennesket sin sanne fridom.

Haavar Simon Nilsen OP, St. Dominikus kloster, Oslo

Haavar Simon Nilsen OP,
St. Dominikus kloster, Oslo

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *