Hyrdingen og hyrdingrøysta

Lesninger 4. søndag i påsketiden år B

OLYMPUS DIGITAL CAMERAI dag snakkar Jesus om hyrden og flokken. Det er altså me som er fåreflokken som sit lydig i benkeradene i dag, det er jo ein tanke det er lov å smile litt av.

I filmen «En prest og en plage» snakkar Børre Knudsen om livet sitt og alt han har opplevd. Han kjem inn på hyrdespørsmålet og seier lett medan han ruslar langs grusvegen:

Før gikk hyrdingen fremst og ledet sauene.
Senere tenkte han at det kanskje var best å gå midt i flokken.
Nå går hyrdingen bakerst og roper bæææh!

Knudsen sa nok dette i ein kontekst som ikkje fyrst og fremst gjeld katolikkar, men det me intuitivt fattar, er at ein hyrding som ikkje viser veg og samlar og fører flokken har feila i sitt oppdrag. Ein slik hyrding vert som leiekaren Jesus snakkar om, upåliteleg, og utan hjarte for sauene sine.

Den gode hyrdingen derimot, har nokre sentrale trekk som skil han frå leiekaren: Han er villig til å gje sitt liv for flokken, og står ikkje tilbake for farane. Der finst ei innbyrdes gjenkjenning mellom sauene og hyrdingen, eit djupt kjærleiksband som bind hyrding og flokk saman. Og ein kan avleie av det Jesus seier om leiekaren, at Herren har hjarte for flokken, ein djup omsorg for den enkelte. –Og, skal me kanskje til sist legge til: der finst eit klårt mål: det skal vere éin flokk og éin hyrding.

Desse trekka som kjem fram i biletet av hyrdingen og flokken seier noko fundamentalt om Kristus og kyrkja. Kristi nærvær fyller heile kyrkja sitt liv. Herren er merksam på kvar enkelt, og me vert kalla til å lyde røysta hans. Og dette skjer på fleire måtar.

For det fyrste må me sei at Herren talar i det skjulte, til hjarta, i denne indre, mystiske dialogen me kallar bøn. «Det er ikkje tale og ikkje ord. Stemmene kan ikkje høyrast. Men dei når ut over heile jorda, orda når dit verda endar» les me i salme 19 (v.4f). Mange sjeler har høyrd hyrdingens ordlause røyst, og funne veg i øydemarka der det ikkje var veg. Dei har kjent hjartelaget til hyrdingen lenge før dei kom til flokken og fekk den næringa dei så sårt stunda etter.

Vidare, og velkjent for oss, talar hyrdingen Kristus til oss i liturgien. Her talar han til oss gjennom sitt ord, og her gjev han heile sitt liv til oss, og for oss, slik at me skal verte næra og styrkte i vår eiga gjerning. Han fyller oss med Andens gåver, og rettar hug og tanke mot kjærleikens kjelde.

Og Herren talar til oss i sjølve kyrkja sin struktur. Gjennom det klerikale hierarkiet med Biskop, prest og diakon, gjennom læreembete og overleveringa er hyrdingen nærverande, og held flokken samla. Eit døme på dette fekk me sist torsdag, då Ulf Ekman, pinsevenpastoren som tidligare leia Livets Ord, heldt eit foredrag her i St Dominikus der han snakka om konversjonsvegen frå pinsevenene til Den katolske kyrkja.

Han fortalte at det var ikkje fyrst og fremst ein prosess av spirituell, privat art som leia han mot katolisismen. Han sto midt i ei veldig bylgje der tusenvis slutta seg til trussamfunnet der han var leiar. Dette pressa fram strukturelle spørsmål om korleis kyrkja organiserer seg, om den hierarkiske strukturen og forma på leiarskapet, og i siste instans vart det eit ontologisk spørsmål om kva kyrkja eigentleg er. Hans konversjon vart eit samvitsspørsmål, der einskapen både i samtid og i tradisjon vart avgjerande.

Hyrderøysta kan me såleis høyre på mange plan, og Kristus gjer oss delaktige, og gjev oss eit medansvar gjennom trua og våre kyrkjelege ordningar. Me er ikkje hyrdingen, men me er målberarar av hyrdingen si røyst. Dette har eg tenkt over i det siste, ettersom eg har vore med og bygd modell av Jerusalem til bruk for den gode hyrdes katekese på Katarinahjemmet.

Ettersom Kedron-dalen og Getsemane og Golgata stig fram i landskapet saman med templet og tempelmurane og Shiloadammen og heile staden, då har eg tenkt at gjennom dette handgripelege kjem dei nærare Kristus. Her skal borna intuitivt og på deira eigne premiss få møte Herren midt i hans største hyrde-bragd, då han gjev seg sjølv for fårene. Er det ikkje rart korleis hyrdingsrøysta kan lyde gjennom gips og treklossar og vassfargar?

Born som vaksne høyrer Herrens røyst, og denne røysta kallar på einskap. Eg har andre får, seier Jesus. Me må prøve våre haldningar, og spørje oss sjølve om me samlar eller spreier. Forsonande samtale på tvers av trussamfunn ei oppgåve me alle kan ta del i, anten det er i stor eller liten målestokk. Me skal ikkje gje avkall på det me ser på som sanning, kva gjeld tru og kyrkje. Men me skal som Kristus strekke oss utover våre eigne grenser, for å byggje varme og sannferdige relasjonar og einskap.

Kristen einskap handlar djupast sett ikkje om korleis me som store eller små fåreflokkar brekar over gjerdet til kvarandre. Det handlar om Kristi lekam som lid fordi den er splitta.

Lat oss difor be i dag, om at den gode hyrdingen må vekkje i oss ein enda djupare lengsel etter einskap, ein enda djupare lengsel etter å fylgje herrens røyst, slik at me sjølv kan verte til reiskap for einskap og samhald i Kristus. Så kan me heilhjarta kan synge orda frå salmen «En Gud og alles Fader» som me skal synge til slutt i dag:

Én røst fra sanndru munner,
én ånd i alles røst,
én fred i sjelens grunner,
én tro med evig trøst!
Én kjærlighet,
én lengsel
én kamp for palmen hist,
én utgang av all trengsel,
ett liv i Jesus Krist!

Haavar Simon Nilsen, St. Dominikus kloster, Oslo

Haavar Simon Nilsen, St. Dominikus kloster, Oslo

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *