Trøyst deg, mitt folk

Rorate caeli

4. søndag i advent år C

I adventstida syng me ein av dei aller vakraste gregorianske hymnene eg veit om, nemleg Rorate Caeli. Omkvedet er profeten Jesajas ord, som i 1930-oversettinga lyer: «Drypp, I himler, fra oven, og fra skyene strømme rettferdighet ned!»(Jesaja 45,8). Folket ropar på Guds nærvær i si fattige, menneskelege einsemd. Den heilage staden er forlaten, lovprisninga har tagna, menneskets hjarte er vorte ureint. «Liksom vinden har våre synder båret oss langt av sted» seier dei sørgande, lengtande tonane, før Guds løfte strålar mot oss: Consolamini, consolamini – trøyst deg, trøyst deg mitt folk.

Ja, trøyst deg, mitt folk, seier Herren, for no skal løftet som profeten Mika forkynte verte oppfylt. No kjem det fullkomne mennesket, han som seier: «Her er eg, for å gjere di vilje.»

Hebrearbrevet omtalar Jesus Kristus ikkje berre som han som gjer Guds vilje, men han som  også er Guds vilje. Guds vilje har kome til oss, og denne viljen er sterkare enn døden. Det er ein lengtande vilje som kjem til oss, kan hende er det denne lengselen som gjer Rorate-hymnen så sterk. For i den møtest både følelsen og tanken, og smeltar saman til eit heile. Me tenkjer så lett at lengsel er ein følelsessak, medan viljen er rasjonell. Men i dag møter me den hjartevarme viljen, den viljesterke lengselen, som inviterer oss, som tryglar oss om å få kome nær. «Jeg skal frelse deg, frykt derfor ikke. Til evig tid er jeg din Herre og din Gud.»

Kom meg i møte, gje deg over til meg, seier Herren. No skal himmelsk og jordisk lengsel møtest. Gud kallar på oss, og vil ha oss i tale. Han lengtar etter oss, og vil sjå at me brukar vår vilje til å gå han i møte. Som menneske skapt i Guds bilete har me jo fått del i den unike gåva me kallar fridom. Og ved fridomen står me fritt til å velje. Men Gud kjenner oss, og veit korleis me slit med å få grep på denne viljesfridomen, tynga av synd og redsle som me er. Gud grip derfor inn, på underleg og skjult vis, ved sin oppsøkande nåde, for å trygge mennesket frå å falle, og leie det mot frelsas trygge hamn. Den franske forfattaren Charles Peguy skildrar dette dramaet gjennom biletet av barnet som skal lære å symje, og korleis faren som held i det er delt mellom to følelsar. Han seier om faren i forteljinga, som også er Faderen med stor f:

Hvis han på den ene siden stadig støtter sønnen og (holder det) for fast,
Vil barnet stole på det og aldri lære å svømme.
Men hvis han på den annen side ikke holder godt nok på det
akkurat i det riktige øyeblikk,
kan det få seg en kraftig dukkert!
(Charles Peguy; De uskyldige barns mysterium)

Og slik er det òg med mennesket, seier Peguy, slik er det to sider som brytast. På den eine sida skal mennesket vinne si frelse. «Det er regelen, og den er klar» seier Peguy. På den andre sida vert lengten så sterk, og Guds omsorg så intens, at Herren ikkje heilt klarer å la vere å hjelpe. Der står me, i spenninga mellom fridomen og frelsa. Og Peguy konkluderer: «Slik er mysteriet om den menneskelige friheten. … Det er mysteriet, det er hemmeligheten.»

Gud respekterer fridomen han sjølv har gjeve oss. Difor treng han også Maria sitt tilsvar når han sender sin Son, og med det sin vilje, til oss. «Det skje meg som du har sagt» seier Maria, og vert Guds mor og den fyrste frukta av frelseverket. Men når Kristus fyrst er her, som ein av oss, då har også Gud kome påtrengande nær oss. Eg vert eitt med dykk, seier Herren, for at de skal verte eitt med meg. No ber han oss om å vende oss til han, i tru og tillit og overgjeving. Set viljesgåva eg har skjenkt dykk i sving, og bruk ho slik eg har brukt mi vilje på sjølvoppofrande kjærleik. For no vert himmel og jord til eitt, og Guds rike er midt i blant dykk.

Consolamini, seier Herren, trøyst deg mitt folk. For Herrens frelse er komen nær.

Haavar Simon Nilsen OP, St. Dominikus kloster, Oslo

Haavar Simon Nilsen OP,
St. Dominikus kloster, Oslo

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *