Corpus Christi

Corpus ChristiCorpus Christi, festen for Kristi lekam og blod (C)

Kjære kristne!

Kva er kyrkja? Er det ein organisasjon som skal oppretthalde den kristne arven – slik det er uttrykt i den nye grunnlovsteksten? Eller er kyrkja summen av alle kristne aktivitetar og all velvilje for kristendomen? Eller ein gamal hierarkisk institusjon?

Evangeliet i dag gjev eit betre svar: Kyrkja er forsamlinga som av Kristus er kalla saman rundt hans levande nærvere. Som eit embryo, eit foster, i «den øvre sal» ved Jesu siste nattverd – eller vi kunne seie: ved Jesu fyrste messe, fyrste feiring au eukaristien. På pinsedagen i Jerusalem blir fosteret født i til verda; født gjennom Ordet og dåpen – og straks, frå dag ein, ser vi at det er ei forsamling med eit bestemt innhald, eit bestemt fokus: Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene, les vi (Apg 2,42). Her er det ikkje snakk om ei vag interesse for «kulturverdiar», ein kristendom utan lære, utan fellesskap, utan feiring av sakramenta.

Mange ting har skifta og gått opp og ned i kyrkja si lange historie, men dette har alltid vore krumtappen, aksen, senteret: Guds folk, ekklesiaen, samla for å høre den apostoliske forkynninga, vedkjenne trua, bere fram sine bøner og feire eukaristien. Kort sagt: Den heilage messa. Vil du sjå kor sterkt kyrkja og kristendomen står, skal du sjå korleis det står til med dette. Det er når dette lever at kyrkja får ein verkeleg vekst, som det står vidare i det same avsnittet: Kvar dag la Herren til nye som let seg frelsa (v.47).

Messa er senteret i kyrkja sitt liv, og senteret i senteret er Kristi nærvere i brødet og vinen, i hostien og kalken. Fordi Jesus sa: Ta dette. Det er mitt legeme, og: Dette er mitt blod, paktsblodet som utgytes for mange. Når kyrkja, på Kristi ord og etter hans eksempel, velsignar brødet og kalken, i den eukaristiske bøna, skjer forvandlinga. Han er der, han er HER – og vi bryt ut, som Thomas: – Min Herre og min Gud! Vi feirar «troens mysterium», vi feirar hans offerdød inntil han kjem i sin glans og skal halde den himmelske bryllupsfesten, Lammets bryllup, når vi drikk «en ny vin i Guds rike» saman med han, slik han sa det. Alt her får vi feire Lammets bryllup og seie: – Se Guds Lam, se han som tar bort verdens synder. Salige er de som er kalt til Lammets bord!

Å vere katolsk kristen er å delta i dette, tru dette; konkret tydeleg, ufatteleg og sant på same tid. Det blir fortalt om pater Karl Schilling at han som ung kunststudent oppheld seg i ein tysk by, og der opplevde han nettopp ein gong feiringa av Corpus Christi festen – med heile byen på beina, fullt i gatene, fest og jubel. Der kjem prosesjonen med monstransen under baldakinen, Den Allmektige boren av svake menneske over torg og gjennom gater, og alle fell på kne og tilbed. Men Schilling blir ståande, han er endå protestant og forstår ikkje det han ser, så han beheld hatten på. Plutseleg sprett ein av dei knelande opp og slår hatten av Schilling så den flyg bortover gata og Schilling blir tvinga i kne. Då går det opp for han: Det er Herren! Deretter blir han straks katolikk. Han tok poenget, eller poenget tok han, nesten som då Saulus blei slått i bakken på veg til Damaskus og høyrde ei røyst som sa: – Eg er Jesus, han som du forfylgjer. Realpresensen. Kristi verkelege nærvere.

Når Kristus er nær i evkaristien, er det heile hans frelsesverk som er nærverande, realpresent. Vi feirar Kristi offer, det offeret som sonar alle synder og er sjølve grunnlaget for den nye pakta. Offeret som oppfyller alle ofra i den gamle pakta, som då Moses oppretta pakt mellom Gud og Israel; han «tok paktsboken og leste den opp for folket, og de sa: ‘Vi vil være lydige og gjøre alt det Herren har sagt’. Da tok Moses blodet, stenket det på folket og sa: ‘Dette er blodet som hører til den pakten Herren slutter med dere på grunnlag av alle disse ord’».

Det er dette vi høyrer ekkoet av når Jesus seier: Dette er mitt blod, paktsblodet… Eller som vi også høyrde: Ikke med blod av bukker og okser, men med sitt eget blod har han kjøpt oss fri for alltid (Hebr 9).

Brør og systre! I eit samfunn der Gud er blitt mindre enn menneske, har vi vanskeleg for forstå at det trengs noko offer, at vi kan vere skyldige, ja, skyldige til døden, at nokon skulle måtte gå i døden og ofre seg for oss. Å argumentere for det i dag, er som å så på asfalt. Eg vil berre seie for min eigen del: Ein dag – ein dag som kan vere når som helst, men som i alle fall rykkjer nærare for kvar dag som går – skal eg stå for min Skapar. Eg veit eg vil trenge alt som kan gjerast for eg skal finne nåde og kunne stå oppreist då. Alle helgnars forbøn og forteneste og aller mest det Kristus har gjort då han gav seg sjøl for oss, for meg. Då treng eg å stole på «det blodet som ropar sterkare enn Abels blod»: Kristi blod, som ropar om kjærleik, nåde og oppgjer. Som seier: Det er fullført, det er plass for alle.

Det er dette vi feirar i dag på festen for Kristi lekam og blod – og kvar gong vi feirar messa. Det er dette eg lever på som eit kristent menneske, det er dette eg er kalla til som prest, som skrive står:

«Frelsens kalk vil jeg løfte og påkalle Herrens navn!»

Arnfinn Haram OP (1948 – 2012)Arnfinn

Dette er den siste preika broder Arnfinn heldt, den 10.juni 2012, nokre timar før han døydde uventa på ein sykkeltur i Nordmarka. Les fleire tekster på bloggen hans – http://arnfinnharam.wordpress.com/

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *